Alle aktivitetaneLindås IL · Discgolf

Discgolf

Lindås DiscGolf Park er eit lågterskeltilbod som kombinerer aktivitet, natur og sosialt fellesskap. Bana er open for eigenorganisert spel og organiserte arrangement.

Sol mellom trea langs discgolfbana i Lindås
Skogsområde i Lindås discgolfpark.

Om discgolf

Spel i parken

Lindås discgolfpark er ei gratis og offentleg tilgjengeleg 21-holsbane med fleire baneoppsett. Både nye og erfarne spelarar nyttar bana, som har start ved Lindåshallen.

Lån av utstyr

BUA Lindås, som ligg ved Lindåshallen, har fem discsett tilgjengelege for utlån. Lindås discgolf har òg eit stort utval discar for sal i fotballkiosken. Ta kontakt med discgolfgruppa om du ynskjer å kjøpe.

Aktivitetar og turneringar

I 2025 arrangerte gruppa mellom anna Lindås Open, Summer Open, Vestkyst Touren, klubbmeisterskap, pargolf og vekentlege flexrundar. Sosiale tiltak omfattar Disc og fotball, SheThrows og ungdomskurs.

Avgifter 2026

Treningsavgifta for 2026 er 50 kr. Medlemskontingent kjem i tillegg. Sjå innmeldingssida for kontingent, betaling og inkluderingsfond.

Lenkjer og dokument

Banekart i UDisc ↗