Alle aktivitetaneLindås IL · Tur

Tur

Turgruppa legg til rette for friluftsliv gjennom tilsyn med Vardebu, vedlikehald av stiar og arbeid med møteplassar ute.

Dagsturhytta Vardebu med turveg og utsikt over Lindås og fjordlandskapet
Dagsturhytta Vardebu ved Lindås. Foto: Jan M. Lillebø / Vestland fylkeskommune

Om tur

Turområde Kolåsfjellet

Gruppa fører jamleg tilsyn med dagsturhytta Vardebu og arbeider med grusing, grøfting, kantslått og utbetring av stiar og bruer.

Dugnad og fellesskap

Frivillige og eldsjeler tek vare på rasteplassar og stinettet og utfører eit stort dugnadsarbeid. Kvar tysdag frå kl. 09–12 møtest dugnadsgjengen i fotballkiosken for dugnadsarbeid i og rundt Lindåshallen og idrettsparken, i tillegg til arbeid på og rundt Kolåsfjellet. Ta kontakt med turgruppa om du ynskjer å vere med!

Avgifter 2026

Treningsavgifta for 2026 er 0 kr. Medlemskontingent kjem i tillegg. Sjå innmeldingssida for kontingent, betaling og inkluderingsfond.